18.03.2014
På Dalen Villmarkssenter har dei i lang tid jobba hardt og målretta. No kjem resultata. Dei har hatt fleire besøk frå norske medie/presse - m.a. Arne Nevra. No kjem dei utanlandske. Gratulere. Dette er fantastisk marknadsføring!
14.03.2014
Ved sesongstart på Dalen Hotel opnar og den fyrste ladestasjonen for El-bilar i Vest-Telemark. Nå kan både du og bilen få lade batteria.
13.03.2014
Oppdatera turkart for Tokke er no ferdig og lagt ut for sal mellom anna i resepsjonen på kommunehuset, Shell i Høydalsmo og fleire stader på Dalen. Pris kr. 120,-
   ARKIV
 

KVA SKJER?

 
 
Skriv ut

Velkomen til gode dagar på Dalen i Telemark

Midt i mellom aust- og vestlandet, innerst i Telemarkskanalen, ligg Dalen i Telemark omkransa av bratte fjell og sitt eige fjordlandskap.
Det er populære attraksjonar som Telemarkskanalen og Dalen Hotel som trekkjer flest, men dramatisk natur lokkar stadig fleire til aktivitetar og friluftsliv – enten det er å vandre den tøffe Lårdalstigen 800 meter over Telemarkskanalen, eller å kombinere tur på sykkel med båttur på kanalen.

 

Dalen Hotel
"- det mest storslåtte av dem alle -"
(Norges Kunsthistorie, bind V)
Opninga av Telemarkskanalen la grunnlaget for å byggje det som av mange blir sett på som eit av landets staselegaste hotell. Dalen Hotel frå 1894 står, med sine gavlar og svalgangar, dragehovud, tårn og spir, fram som eit "eventyrslott".
Sesongen 2014 er frå 25.apr. til 26.okt.
TripAdvisor har kåra Dalen Hotel til Noregs beste hotell!
Meir om Dalen Hotel
   
Telemarkskanalen
(Norsjø-Bandakkanalen)
Telemarkskanalen blei fullført i 1892 og har 18 sluser som lyfter dei sjøfarande frå 0 til 72 m.o.h. på den 105 km lange strekninga frå Skien til Dalen og fjordlandskapet. Nyt denne reisa frå dekk på ein av dei gamle rutebåtane MS Victoria eller den flotte, nyrestaurerte MS Henrik Ibsen!
Meir om Telemarkskanalen
Rutetabell og prisar for 2014
Magasin Telemarkskanalen 2014
 
Lårdalstigen
"Tøffare enn Besseggen"
Denne spektakulære turvegen opna i 2008 og trekker til seg folk frå fjern og nær.  Vegen går langs fjellkanten mellom Dalen og Lårdal opp i 800m høgde langs Telemarkskanalen. Tar du returen frå Lårdal med ein av dei gamle rutebåtane på kanalen vert denne dagen ei naturoppleving for livet. Me tilbyr guida turar.
Meir om Lårdalsstigen 
Opningstur 31.mai 2014
Lårdalstigen Foto:J.Kasin