Kulturopplevingar
|

EIDSBORG STAVKYRKJE La omvisaren ta deg med på ei reise gjennom 800 år. Høyr om historia bak stavkyrkjene og om korleis kyrkja i Eidsborg har forandra seg frå 1200-talet og frametter i takt med trua og skikkane. Her får du blant anna levande fortalt om helgenfiguren ”Nikuls” (St.Nicolaus) frå Eidsborg.
Tlf.: 35 07 73 31 / Fax: 35 07 70 85 Opningstider: 1. juni - 2. september, elles etter avtale www.vest-telemark.museum.no E-post: post@vest-telemark.museum.no |
| |
|
GRIMDALSTUNET Grimdalen var barndomsheimen til bilethoggaren Anne Grimdalen - mest kjend for sitt arbeid med utsmykking av Oslo Rådhus. I dag er Grimdalen eit freda gardstun med hus frå mellomalderen og eit skulpturhus med arbeid av Anne Grimdalen. Kvar sommar blir skulpturutstillinga supplert med bildande kunst av kjende kunstnarar.
Tlf.: 35 07 77 97 / 35 07 70 65 Opningstider: 30. mai - 1. september, elles etter avtale www.vest-telemark.museum.no
|
| |
VEST-TELEMARK MUSEUM I EIDSBORG Den gamle garden Vindlaus er bygd ut til eit fascinerande og mangfaldig friluftsmusé. Midt i eit frodig og mektig kulturlandskap ligg museet og syner deg århundrelange tradisjonar i folkekunst og handverk med rikt dekorerte arbeid i sylv, tre og tekstil.
Tlf.: 35 07 73 31 / Fax: 35 07 70 85 Opningstider: 1. juni- 2. september, elles etter avtale. www.vest-telemark.museum.no E-post: post@vest-telemark.museum.no
|
| |
DALEN HOTEL Opninga av Telemarkskanalen la grunnlaget for å byggje det som av mange blir sett på som eit av landets staselegaste hotell. Dalen Hotell frå 1894 er reist i den særnorske varianten av europeisk trearkitektur - dragestilen. Med sine gavlar og svalgangar, dragehovud, tårn og spir minner det om kongsgarden i eventyret. I 1994 blei ei omfattande restaurering av hotellet fullført. Det har fått tilbake utsjånaden som det hadde på kong Oscars tid, og har likevel all den service og komfort som vår tid krev. Kurs og møter for deg som søkjer det spesielle. Opnar 25.april 2008. www.dalenhotel.no
|
| |
ÅMDALS VERK GRUVER Gruvemuseet er bygt opp rundt koparverkets historie (1540-1945). Foto, teikningar, gruvereiskap, modellar og geologiutstilling.Stort uteområde med merka stigar og gruvepark. Kafe og suvenirsal.
Tlf.: 35 07 73 31/35 07 79 30 Opningstider: 1. juni - medio august, elles etter avtale www.vest-telemark.museum.no E-post: post@vest-telemark.museum.no |
| |
RUI-PLASSEN I det hengebratte berget over Dalen ligg Rui, husmannsplassen der dei bittesmå systrene Ingerine og Gurine budde. Dei blei landskjende som "Ruijentene som kom til Kongen". Boka Knut Eidem skreiv om Ruijentene er for sal på turistkontoret. Frå Dalen sentrum er det gangveg til Rui. Den er bratt, men det er ikkje langt. |
| |
BRYNESTEIN FRÅ EIDSBORG I 1000 år har Tokke hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein frå Eidsborg eit effektivt kastevåpen, slik sagaen fortel frå slaget ved Fimreite. Seinare blei steinen nytta til fredelegare formål. Brynesteinen blei fyrst rodd ned Telemarkskanalen eller køyrd med hest på isen og deretter skipa til utlandet og seld til god pris. Slik har brynesteinsbrotet i Eidsborg heilt opp til nyare tid forsynt skogbruk og handverk i inn- og utland med god brynestein. (Bilete av eit brynesteinsla til høgre )
|
| |
|
KNIV- OG SYLVSMEDKUNST Smedkunsten har rike tradisjonar i Tokke. Hjå generasjonsverksemnda Vinjrui på Dalen har du høve til å besøkje verkstaden. Sjå www.vinjerui.no På garden Omdal eit lite stykkje før Ravnejuv finn du bedrifta Telemarkssylv. Her tar Ingrid i mot besøk i verkstaden sin. Ho har og eit lite utsal med tradisjonelle- og eigen designa smykke. Les meir. Etter avtale kan du og vitje knivmakar Kollbotn i verkstaden.
|
| |
HØYR FOLKETONEN Tokke ligg sentralt i Vest-Telemark som er eit kjerneområde i norsk folkekunst. Her lever framleis den gamle folketonen – slik folkeminnesamlaren møtte han da Torbjørg Ripilen song Draumkvedet for Moltke Moe sist på 1800-talet. Vi er stolte av folketradisjonane våre og ungdomane som bringar dei vidare. Ved fleire høve vert tradisjonsmusikken og folkedansen bruka under arrangement rundt om i distriktet vårt. |
| |
|
TOKKE KRAFTVERK Reguleringa av Tokke-Vinje-vassdraget, i si tid landets største vasskraftprosjekt, har resultert i åtte kraftstasjonar mellom Songa i Vinje og Hogga i Nome. Stasjonane blei sette i drift i perioden 1958-87. Tre av dei ligg i Tokke: Byrte, Lio og Tokke. Tokke kraftverksgruppe med hovudkontor på Dalen har ansvaret for drifta av kraftstasjonane som har ein samla årsproduksjon på 4,5 TWh. I 2006 var det 50 år sidan utbygginga tok til, og i samband med jubileet opna Vest-Telemark Museum i Eidsborg ei utstilling som fortel om anleggstida, om dei tekniske nyvinningane som prosjektet førte med seg, om rallarlivet, om sjølve kraftproduksjonen og om moderniseringa av det tradisjonelle bondesamfunnet i Øvre Telemark som kraftutbygginga resulterte i. Skuleklasser og ev. andre grupper har høve til å avtale omvising ved kraftanlegget.
|
| |
|
SKAFSÅ KRAFTVERK Den første større vasskraftutbygginga i Vest-Telemark tok til i 1948. Skafsåprosjektet var eit samarbeid mellom Norsk Hydro og kommunane i Vest-Telemark og skulle først og fremst skaffe energi til magnesiumfabrikken på Herøya. Men på same tid innebar denne reguleringa av Arendalsvassdragets øvre del ei elektrifisering av den minst urbaniserte delen av Telemark fylke. Det var nytida som kom til dei mest grisgrendte bygdene i fylket. I første omgang omfatta Skafsåprosjektet Åmdal kraftverk i Tokke og Osen kraftverk i Kviteseid. Etter ein ny anleggsperiode sist på 1900-talet blei to nye kraftverk sett i drift – Gausbu kraftverk i Tokke og Skree kraftverk i Fyresdal. Hovudinteressent i dag er det interkommunale energiselskapet Vest-Telemark Kraftlag med hovudkontor i Høydalsmo.
|
KYRKJENE I TOKKE
|
|
|
|
|
|
|
Lårdal kyrkje Bygd 1831, utsmykka i 1895 av Samuel Tveit. Lårdal prestegard er rekna som ein av dei finaste i landet. |
Mo kyrkje Vigsla 1839. Altertavle frå den gamle stavkyrkja, restaurert av Henrik Sørensen og Harald Kihle. Minnestein over Torbjørg Ripilen som song Draumkvedet for Moltke Moe. |
Eidsborg stavkyrkje Som eit samlingspunkt ved inngangen til Vest Telemark Museum ligg Eidsborg stavkyrkje frå 1200-talet, vigsla til ferdafolk sin skytshelgen St. Nicolaus, eller Nikuls som han heiter i Telemark. Minnestein over Eidsvollsmannen Talleiv Huvestad. |
Skafså kyrkje Bygd 1831. I våpenhuset står ein runestein og utanfor kyrkja ein gapestokk i stein og ei steinmerr. Minnelunden med Vislie-stova og minnesmerke over Petter Mandt, Talleiv Huvestad og Vetle Vislie. |
Høydalsmo kyrkje Bygd 1747. Den eldre stavkyrkja blei riven i 1785. |
|