Naturopplevingar

Dalen Foto:T.RakkeTA BEINA FATT

Denne flotte naturen fortener å bli brukt. Du kan vandre på merkte stigar, padle i kano, ro, fiske og –vinterstid – velje mellom milevis med merkte skiløyper eller urørde, kvite vidder.  Turistkontoret har Natur- og kulturkart og dei hjelper deg me å finne den turvegen som passar deg best.

 

Elg Foto:L.JamtveitELG - SKOGENS KONGE

Mange av våre besøkjande reiser heim med flotte minne om møte med elgen i dei rette omgjevnadane. Elgtettheten i Tokke er høg, og dersom du veit "kvar og når" så er det mykje mogleg du får sjå han.
Ved å vende deg til turistkontoret kan du få tips om kvar det er organisera elgsafari.

 

Bever Foto:L.JamtveitBEVER

Vår lille krabat "beveren" er mest aktiv på nattetid og derfor ikkje så lett å sjå.
Av den grunn er det ekstra moro å kunne sende vitjande på sin eigen beversafari. Dei fleste får auga på han.

 

Ravnejuv Foto:H.NaperRAVNEJUV - TURISTMAGNET OGSÅ FOR 100 ÅR SIDAN

Naturfenomen ved fylkesvegen frå Dalen til Vinje - eit 350 m høgt stup mot Tokkeåi. Slepp ein pengesetel utfor - og sjå om han kjem att på ein oppgåande luftstraum!
Dette har vore ein aktivitet til fryd for born og vaksne sidan turismens morgon.

 

MalmEIT ELDORADO FOR GEOLOGAR

Telemark er fylket som har alt, seier geologar. På Vest-Telemark Museum kan du få innblikk i den tusenårige soga om brynesteinen – som i geologisk forstand er ein kvartsskifer som er pressa saman og stilt på høgkant. Gruvemuseet på Åmdals Verk fortel om utvinning av kopparkis gjennom hundrevis av år. I Bandaksli kan ein framleis finne molybdenglans etter malmutvinninga for hundre år sidan, og fleire andre stader i kommunen er det spor etter ein veritabel skjerpefeber som gjekk over Telemark rundt 1880.

 
Natur Foto:A.HanssonHAUSTSTEMNING

Rundt Dalen ligg mange fine grender, og ut frå desse strekker det seg både heiar og fjellvidder.
For mange er den største naturopplevinga ein klar haustdag i fjellet der naturen kler seg i eit vell av fargar.
Det er greit å ta litt omsyn til jakttidene. Det er ikkje sikkert verken du eller jegeren set pris på at turen vert lagt midt i eit driv for elgjegarar. På turistkontoret kan du få greie på jakttidene. 
 
Victoria Foto: K.A.VikVICTORIA PÅ BANDAK

Innbyggjarane i Tokke kan gle seg over å bu i ein av dei mest spanande kommunane i Telemark når det gjeld natur og kultur. Tak ein av rutebåtane på Telemarkskanalen og nyt naturen frå dekk.
 
Risen og GygriRISEN OG GYGRI

Spennvidda i naturen er stor. Kjem du vassvegen, er dette som ein "vestlandsfjord" bare 72 meter over havet. Dei bratte fjella kneisar majestetisk over deg og fjellformasjonane er mange og spanande.
 

Orkide Foto:O.J.BakkevoldBERGFRUE, ASAL OG LIND

Tokke har både høg- og lågland – og ein tilsvarande variert flora. I dei sørvendte liene ved Bandak veks mange varmekrevjande treslag. Her finst både lind og løn, ask og asal, og stadnamn som Åmdal og Åmsberg fortel at alm (dialekt åm) er å finne mange stader. Midtsommars kan bygdene i Tokke by på ein nesten makelaus blomeprakt, og både den sjeldne systermarihand – fylkesblomen for Telemark – og den praktfulle bergfrua er å finne fleire stader i kommunen.

 
Tiur Foto:L.JamtveitDYRELIV

Dyrelivet er også rikt. Det er ikkje sjeldan ein ser både elg, hjort, rådyr, bever og ørn. Ulv, bjørn og gaupe har vi og, men det er ikkje ofte ein møter på den slags dyr.  
Om du har tolmod til å ligge stille og vente lenge nok kan du få oppleva paringsleiken til tiuren.
Når tiuren spelar er det vår!