Telemarkskanalen
|

TELEMARKSKANALEN(NORSJØ-BANDAKKANALEN)
Telemarkskanalen blei fullført i 1892 og har 18 sluser som lyfter dei sjøfarande frå 0 til 72 m.o.h. på den 105 km lange strekninga frå Skien til Dalen. "Victoria" som tek 180 passasjerar og "Henrik Ibsen" med plass til 220 passasjerar, går i rutetrafikk mellom Dalen og Skien frå mai til september.
Les meir hjå Telemarkskanalen.no
Telemarkskanalen - eit unikt kulturminne. Ynskjer du å kjøpe kanalpakke? Les meir under denne linken. |
|
|

MED EIGEN BÅT
Ei reise på Telemarkskanalen med eigen båt eller kano er ein ferie utan stress og stormfulle vindkast. Dei fleste som tar padleåra fatt vel å starte på Dalen. Ved å vende deg til turistkontoret får du gode råd og vink. Kjem du med eigen båt er det mest tradisjonelle å fylje kanalen opp og attende same veg. For dei som søkjer ein litt utradisjonell og ny oppleving, ken ein velje å "Ta båten over fjellet". D.v.s. at ein gjer ein rundt-tur der får transport av båten(opp til 35fot) mellom Telemarkskanalen og Rosendal i Hardanger, over Haukelifjell. Prisar, opningstider for slusene, mastehøgder osv. finn du på www.visittelemark.com |
|
|

DALEN BRYGGJE
Gjestebryggje med bryggjekafé og serviceanlegg med dusj, toalett, vaskemaskin. Bryggjekafé. I pakkhuset utstilling om livet på vassdraget og årleg salsutstilling av lokale kunstnarar og handverkarar - gratis inngang. Kano-, båt- og sykkelutleige. Sal av diesel til fritidsbåtar og gjestebryggje med straum, vatn og tømmestasjon. Friområde med badeplass og leikeområde.
|
| |
|

LÅRDAL BRYGGJE
Gjestebryggje m/serviceanlegg. Campingplass og gjestestoge med servering og overnatting. Lårdal har lunt klima og godt jordsmonn som gjev gode vekstvilkår for edellauvskog og annan varmekrevjande vegetasjon. Turistbåtane stoppar for på- og avstiging ut frå bestilling.
|
| |
|

BANDAKSLI BRYGGJE
Her blei malmen frå Åmdals Verk gruver lasta om frå hest til båt. I dag fortel ei fotoutstilling om livet i Bandaksli i eldre tider. Nasjonal sykkelrute nr.2 går forbi dette flotte bryggjeleiet.
|
|
|

TELEMARKSVASSDRAGET,
som renn frå foten av Hardangervidda og ut til kysten ved Skien har alltid vore ein av dei viktigaste ferdsels- og transportvegane for dei som har levd i området. Brynesteinen frå Eidsborg er eit særmerkt produkt som fann vegen ut i den store verda gjennom telemarksvassdraget. Frå minst tusen år tilbake gjekk det lass på lass med stein ned berget her til Lastein, der ein la steinen i la, for så å føre lesse over i pråmar, flåtar eller kjelkar og føre den nedover vassdraget. Men vassvegen hang lenge ikkje saman i ein spegel, og forbi stryk og fossar måtte varene bli lessa over på hesteryggen eller sledar. Etappene var mange før ein kom fram til handelsstaden ved havet. |
|
|

På 1600-talet fekk tømmeret stadig større verdi, og ein måtte stadig lengre inn i landet for å finne virke til skipsbyggjing i England og pålar i Holland. Slik vart tømmerhogsten og fløtinga ein viktig del av næringsgrunnlaget, så langt inn vassdraga gav veg. Landbruksprodukt som smør, kjøt, og skinn og huder fann same vegen, og motsett kom kjøpevarer frå byen, nyhende og impulsar. Frå dei mange bondegruvene og større gruveverksemdene som på Åmdals Verk og Gulnes, var det òg malm og mineral som skulle førast ut, og den naturlege vegen var vassvegen.
|
|
|

TIMMERFLØTING
Bandak – Nordsjøkanalen blei tekje i bruk i 1892. Portar og luker blir framleis bruka på same måte som når den blei bygt. Dette gjorde at tømmerslusing krevde eit stor mannskap, noko som gjorde at slusinga etter kvart vart for kostbart. Det jobba 21 mann med sjølve slusinga. Det spesielle med fløtninga i Bandakvassdraget var at ein fløta buntar av tømmer og ikkje laustømmer slik som i ein del andre vassdrag. Dette var på den tid veldig rasjonelt. Eit slep etter slepebåten Axel var på 200-250 buntar og om lag borti 5.000 m³. |
|
|

I 1980 vart fløtninga i Bandak- Nordsjøkanalen slutt. Tømmeret vart fløta frå Dalen til strengen og køyrd vidare med bil til Skien og Kragerø.
I desse tider var det tansportert om lag 60-70.000 m³ tømmer i vassdraget. Etter kvart gjekk dette kraftig ned. Tømmertransporten har tidlegare vore kanalen sin viktigaste brukar og inntektskjelde i tillegg til båttrafikken. No er det slutt på fløtninga. Siste slepet gjekk ut Bandak sommaren 2004. |
|
|