Vinter i Tokke
|
KVIFOR TOKKE?
Vi har ikkje store og flotte alpinanlegg og er ingen typisk vinterdestinasjon. Vi har eit nydeleg skiterreng, spredt hyttebygging på flotte tomter, topp vinteridrettsanlegg og eit familievenleg feriesenter.
|
| |
STORE OG SMÅ
Ta med borna og nyt rolege dagar i Tokke. Vi har mange mil med flott løypenett i variert natur og terreng. På Skafsåheia har vi alpinanlegg som høver borna godt. |
| |
|
HØYDALSMO
ved E134 er innfallsporten til Tokke. Bygda har eit entusiastisk skimiljø og kan skilte med ein topp moderne langrennsarena og hoppbakken Huka, ein snøsikker 90 metersbakke. Høydalsmo IL var NM-arrangør i 2002 og har seinare stått for både World Cup-renn og andre storarrangement.
Sjå www.hoydalsmo.no |
| |
|
SKAFSÅHEIA
høgfjellsområdet mot Setesdal, byr på over 50 km preparerte skiløyper og flotte forhold for laussnøkøyring. Hallbjønn Feriesenter har hytter og leilegheitar, servering og skitrekk. Sjå www.clubhallbjonn.no for informasjon. Hallbjønnsekken er eit populært hytteområde, men milevis med urørd natur ventar bak næraste åskam. Informasjon om alpinbakken sjå www.skiinfo.no Informasjon frå Skafsåheia Løypelag.
|
| |
|
Øyfjell
den trivelege grenda mellom Høydalsmo og Rauland satsar på å lokke til seg nye innbyggjarar med prosjektet Øyfjell City. Vinterstid vil du finne meir enn 4 mil preparerte skiløyper i variert skogsterreng frå 650 til 1000 m.o.h. ved Raudsinutane der utsikten er fantastisk. Spreidde hyttefelt er knytta til løypenettet med sine rundløyper. For vitjande er utgangspunktet frå grendehuset i Øyfjell der det også er 2 km ljosløype. Sjå løypelaget sine eigne nettsider: www.loypelag.no Private utbyggjarar har sal av hyttetomter. Sjå www.oyfjell.no/
|
| |
|
REGIONAL OPPKJØRING FOR SNOSKUTER
Tokke kommune er utpeika som vertskommune for opplæring innan bruk av snøskuter (førarkort kl S). Utpeika område ligg i Skafså ved allereie etablert motorkrossbane. Distriktet som skal sokne til Tokke omfattar Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Buskerud og Vestfold. Det er Vest-telemark vidaregåande skule som har opplæringsansvar. Sjå deira nettstad. For informasjon om banen sjå http://motorsport.skafsa.com/ Vi har overnattingsstader i nærleiken av banen. Dette får du info om på turistkontoret.
|
|