Rui-plassen
Johan August Schewenius
Høgt opp i lia med utsikt over Dalen og Bandak (Telemarkskanalen) ligg den vesle husmannsplassen Rui. Hit kom svensken Johan August Schewenius. Johan var av gamal militærslekt med greiner i mange land. Han vart født i Svartborg eller Dingle i Bohuslän i 1834. Johan fylgde ikkje den militære veg, og utdanna seg til skreddar - men trivdes ikkje heilt med å sitje inne heile dagen utan å sjå sola. Ein varm sommardag bestemte han seg, pakka skreppa og byrja vandringa mot vest – mot Noreg.
Få boka "Rui-jentene som kom til kongen" (Knut Eidem):
”Det var en gang i forrige århundre at en liten kraftkar dro fra Sverige til Telemark for å søke arbeid. Han krevde ikke så meget av livet, tok de jobber som bød seg. For det var nok av dem som i de dager trengte en mann til å grave grøfter i kilometervis, som skapte stubbmark om til dyrkbar jord, og som hadde slikt handlag med å reise steingarder mellom naboer. Han holdt seg selv med kosten, og var ellers ytterst beskjeden med hensyn til betalingen.
-Du kan kalle meg Johan, sa han. –För det är jag döpt.
-Hva heter du?
-Schewenius.
Dette syntes bøndene på Dalen var et merkelig navn, men det kom så mye rart fra Sverige i de dager.
Johan forsvant igjen samme høst, like raskt som han kom. Men mannen dukket opp på nytt året etter……”
Livet på husmannsplassen Rui
Johan slo seg ned på Dalen, på Rui. Han vart gift to gonger og fekk seks ungar. Dei to eldste, Ingerine og Gurine, vart buande på Rui all si tid. Syskena deira drog over havet til Amerika for å søke lukka der.
Stoga på Rui var berre 20 kvadratmeter stor, og her voks dei opp. Far deira lærde dei å lesa og skrive. Han heldt tidsskrift og aviser og ville ikkje at hans ungar skulle sakke akterut, difor vart dei sendt på skule. Når dei ikkje las, måtte dei jobbe – det verste han visste var dagdrivarar.
På Rui gav dei alder slepp på naturalhushaldninga og bytta sine eigne produkt med andres. Dei heldt vanlegvis 3 kyr, nokre sauer, geitar og høner. Dei dyrka bygg, poteter og grønsaker. Redskap kjøpte dei ikkje, alt dei eigde laga dei sjølv. På Rui eigde dei alder hest eller vogn, det såg dei seg ikkje råd til. Sterke skuldrar og seige tak var deira erstatning. Ånden på Rui var sparing og arbeide – frå ljose morgonen til seine kvelden. Då far deira døydde, dreiv Ingerine og Gurine plassen vidare i farens ånd.
Rui-jentene vitjar kongen
Ingerine og Gurine døde på 1960-talet. Dei vart begge over 90 år gamle. Dei ligg gravlagde ved Eidsborg Stavkyrkje. Bare ein gong reiste dei vekk frå Rui – då var dei på besøk i Oslo, hjå kongen. Det skulle dei aller gløyme.
Rui står der den dag i dag og det meste er bevart som det var i den vesle stoga som ligg opp i den bratte lia med praktfull utsikt og Dalen og Bandak.
Tett ved Rui bur Ivar Haukelidsæter. Han kjende Rui-jentene veldig godt og kan fortelje mykje om dei.
| Ivar i døra på stoga til Rui-jentene. |
Olav Høgetveit intervjuar og Jack Hagen filmar. |
 |
 |
Boka om Rui-jentene er for sal på turistkontoret på Dalen.