Skriv ut

Naturopplevingar

Dalen og Tokke har ein variert natur - med fjell og dalar, store og små vatn, skog og hei. Du finn det duvande lette turlandskapet, men du finn også det dramatiske landskapet som liknar ein fjord på Vestlandet. Her kan du fylje turveg 800 meter over Telemarkskanalen framme på kanten!

FRILUFTSLIV
Bruk denne flotte naturen - sommar som vinter! 

Sommar:
Fottur på merkte stigar, padling i kano eller kajakk, båttur, fiske
Vinter:
Milevis med merkte skiløyper eller urørde, kvite vidder
Haust:
For mange den flottaste tida i fjellet for fotturar, men ta omsyn til jakttidene
Lårdalstigen Foto:J.Kasin
 

TA BEINA FATT

Turistkontoret har:

Natur- og kulturkart
CarWalk-kart
Oversikt over jakttidene om hausten
Sjå også aktivitetar (inkl info om Lårdalstigen "Tøffare enn Besseggen")

Dalen Foto:T.Rakke

NATURATTRAKSJONAR


RAVNEJUV - TURISTMAGNET OGSÅ FOR 100 ÅR SIDAN
Naturfenomen ved fylkesvegen frå Dalen til Vinje - eit 350 m høgt stup mot Tokkeåi. Slepp ein pengesetel utfor - og sjå om han kjem att på ein oppgåande luftstraum! Køyr RV 38 mot Åmot, og deretter fylkesvegen retning Gøytil. Ca 15 km frå Dalen.

Ravnejuv Foto:H.Naper
 

RISEN OG GYGRI
Spennvidda i naturen er stor. Kjem du vassvegen, er dette som ein "vestlandsfjord" berre 72 meter over havet. Dei bratte fjella kneisar majestetisk over deg og fjellformasjonane er mange og spanande. Den spesielle fjellformasjonen ved Juvstøyl er knytta til eit segn om Risen og Gygri.

Risen og Gygri Foto: J.Kasin


 

VICTORIA PÅ BANDAK
Innbyggjarane i Tokke kan gle seg over å bu i ein av dei mest spanande kommunane i Telemark når det gjeld natur og kultur. Tak ein av rutebåtane på Telemarkskanalen og nyt naturen frå dekk.

Telemrkskanalen
DYRELIV 
 
KVA KAN DU TREFFE?
Det er ikkje sjeldan ein ser både elg, hjort, rådyr, bever og ørn. Ulv, bjørn og gaupe har vi og, men det er ikkje ofte ein møter på den slags dyr. Om du har tolmod til å ligge stille og vente lenge nok kan du få oppleva paringsleiken til tiuren. Når tiuren spelar er det vår!

Tiur Foto:L.Jamtveit

 

ELG - SKOGENS KONGE
Mange av våre besøkjande reiser heim med flotte minne om møte med elgen i dei rette omgjevnadane. Elgtettheten i Tokke er høg, og dersom du veit "kvar og når" så er det mykje mogleg du får sjå han. Turistkontoret kan tipsa deg om kvar det er organisert elgsafari, eller kvar og når du eventuelt kan sjå elg på eiga hand.

Eøg Foto:L.Jamtveit

 




BEVER
Vår lille krabat "beveren" er mest aktiv på nattetid og derfor ikkje så lett å sjå. Av den grunn er det ekstra moro å kunne sende vitjande på sin eigen beversafari. Dei fleste får auga på han. Ta kontakt med turistkontoret for tips.

Bever Foto:L.Jamtveit

FLORA OG GEOLOGI

 

BERGFRUE, ASAL OG LIND
Tokke har både høg- og lågland – og ein tilsvarande variert flora. I dei sørvendte liene ved Bandak veks mange varmekrevjande treslag. Her finst både lind og løn, ask og asal, og stadnamn som Åmdal og Åmsberg fortel at alm (dialekt åm) er å finne mange stader. Midtsommars kan bygdene i Tokke by på ein nesten makelaus blomeprakt, og både den sjeldne systermarihand – fylkesblomen for Telemark – og den praktfulle bergfrua er å finne fleire stader i kommunen.

Orkide
 
EIT ELDORADO FOR GEOLOGAR
Telemark er fylket som har alt, seier geologar. På Vest-Telemark Museum kan du få innblikk i den tusenårige soga om brynesteinen – som i geologisk forstand er ein kvartsskifer som er pressa saman og stilt på høgkant. Gruvemuseet på Åmdals Verk fortel om utvinning av kopparkis gjennom hundrevis av år. I Bandaksli kan ein framleis finne molybdenglans etter malmutvinninga for hundre år sidan, og fleire andre stader i kommunen er det spor etter ein veritabel skjerpefeber som gjekk over Telemark rundt 1880.
Koparkis