Aktivitetar
I Tokke er det aktivitetar som friluftsliv og naturopplevingar som står i fokus. Dalen, Lårdal, Høydalsmo og Hallbjønnsekken gir deg varierte opplevelsar sommar som vinter, enten det er på fottur, på ski, med sykkel eller til hest. Mange aktivitetar er ypperlege for barn og familieferie.
HEST I FOKUS! Opplev storslått natur frå hesteryggen. Maj-Lena og Jostein er vertskap på fjellgarden Døli i Skafså og har det meste av tilbod der hest er ein del av aktiviteten; rolege turar med hest og kjerre langs Bandak med mat og båttur inkludera, barneriding eller flotte turar i spanande terreng. Kosen rundt bålet høyrer sjølvsagt med. Turane er familievenleg og tilpassa ut frå erfaring og alder. Les ein av Jostein sine artiklar på www.hovdmyra.no under siste lokalnytt "En investering i livskvalitet". Tlf. 900 65 976 / 930 49 463 |

|
|
|
LÅRDALSTIGEN "TØFFARE ENN BESSEGGEN" I 2008 opna denne fantastiske turvegen mellom Lårdal og Dalen i Telemark. Mykje av turen går framme på fjellkanten opp til 800 meter over Telemarkskanalen. Du får innblikk i gamalt kulturlandskap og historiske stader. Langs denne ruta er det også ein flott flora og geologien er spesiell. Det står skilt med info om stader og hende. Start frå Eidsborg nær Dalen. Heile turen er på omlag 15km. Dersom ein ynskjer transport opp til utgangspunktet kan ein få drosje for kr.140 og retur kan ein ta med ein av rutebåtane på Telemarkskanalen. |

|
|
|
SYKLING Det er mange sykkelvegar i kommunen, anten du ynskjer deg opp på vakre Skafsåheia, langs kanalen eller ein tur langs ein av dei mange skogsvegane våre. Sykkeltur kan også kombinerast med ein roleg båttur ved å ta ein ettermiddagstur frå Dalen til Bandaksli Bryggje. Her vert du henta av kanalbåten og bringa attende til Dalen. Fristar det med ein meir strabasiøs tur, kan du ta: |
 |
| |
|
|
|
|
|
PADLING MED KANO OG KAJAKK Dalen er eit mykje bruka utganspunkt for padling på Telemarkskanalen. Du kan kombinere turen med ei fredfylt reise på ein av rutebåtane. Båtsportkart og enkle padlekart er å få hjå turistkontoret. Dei gjev deg og gode råd for padleturen. Langs Bandak er det oppretta rasteplassar med sanitæranlegg for båtfolk og dei som padlar. |
 |
| |
|
TELEMARK ADVENTURE Telemark Adventure har aktivitetstilbod for grupper på skuldersesongane. Ein kan nevne aktivitetar som rappelering, padling, sykling og overlevingskurs. Dei skreddersyr ei pakke for deg. Kontakt: tlf. 92 81 70 16 www.telemarksadventure.com |
 |
| |
|
ATV- SAFARI Opplev natur- og kulturlandskap frå firehjuls motorsykkel. Turane går i hovudsak på lite trafikkera vegar og i varierande lengde. Du kan velje mellom ulike kulturinnslag eller spesielle naturopplevingar. Kontakt: Øverland Scooter og ATV, tlf. 35 07 85 60/97 10 18 30 www.scooterogatv.no |
 |
|
|
BADE Både i Bandak og mange andre vatn er det fine badeplassar. I tillegg har vi fleire stader i elvane der ungane frydar seg over djupe hylar med krystallklart vatn. Ver merksam på at mange av elvane kjem frå regulera vatn og at vasstanden kan auke utan varsel. - På Dalen er der ein innandørs badeanlegg (ikkje ope midtsommars)
|
 |
| |
|
STANG- OG OTERFISKE I Bandak og Tokkeåi vert det kvart år teke mang ein storaure. Mange foretrekker å dorge med båt, men det er også fint å fiske fra land. Sommaren 2010 skal det gjerast ein del inngrep i Tokke-åi for å få betre høve til storauren. Regelverk for fiske i Tokkeåi er under revidering og skal vere klart før sesong. Turistkontoret på Dalen har fiskekort for Bandak/Tokkeåi og Vistadheia. For innlandsfiske er det ikkje lenger nødvendig å ha statleg fiskekort. Telemark Båt og Fiske har sommarope sal av fiskeutstyr. www.telemarkbatogfiske.com I Tokkeåi og delar av Bandak vart det våren 2010 sett igang eit større arbeid i høve kultivering og forvalting av m.a. storaurestamma. Nye fiskereglar frå våren 2010: FISKEREGLAR FOR TOKKEÅI OG BANDAK |
 |
| |
|
TURAR I SKOG OG MARK Tokke har mange godt merkte turstigar frå 3-4 km til 12-15 km, gjerne lagt i tilknyting til ulike kulturminne. Her kan du vandre frå lågland til høgfjell. Natur- og kulturkart med innteikna turstigar er å få på turistkontoret. På dette kartet fin du m.a. turvegen frå Eidsborg til Ravnejuv med info om historie og geologi.
Turistkontoret har også kart for Car-Walks. På desse karta er det gjort greie for kulturminne langs vegane. Vest-Telemark reionen er no inne i eit samarbeid for å bygge opp Vest-Telemark som ein god og allsidig vandreregion. |
 |
|
|
ANDRE AKTIVITETAR I Tokke finn du elles idrettsplassar, fotballbaner, sandvolleyballbane, fotballbingar og skytebaner. På Dalen finn du også idrettshall med klatrevegg, spinningrom, styrketreningsrom, innandørs miniatyrskytebane og gode tilbod i nytt kulturhus. |
 |
|
|