Lårdalstigen "Tøffare enn Besseggen"
Laurdag 28.mai 2011
Sesongopning av Lårdalstigen ”Tøffare enn Besseggen” frå Dalen (Eidsborg) til Lårdal. Buss frå bryggja i Lårdal kl 08:15 og buss frå bryggja på Dalen kl 08:30 - skytteltrafikk. Start kl 09:15. Konsert i hagen til Hege på Skattekammeret. Skyttelbuss frå Støylsdalen til Lårdal for dei som ikkje ynskjer å gå heile turen. Bussretur for dei som ikkje vil ta båten frå Lårdal til Dalen. Deltakaravgift kr 100,- inkl. buss. Retur med M/S Victoria frå Lårdal kl 18:00. (båtbillett kjem i tillegg)
Den ivrige dugnadsgjengen på Lårdalstigen har stelt opp overnattingshytte litt over halvveges frå Dalen mot Lårdal. Staden heiter Heddedalen og hytta er open for alle.