Skriv ut

Attraksjonar

Tokke ligg sentralt i Vest-Telemark som er eit kjerneområde i norsk folkekunst og folkemusikk. Kulturen står sterkt her og me er stolte av det!

TELEMARKSKANALEN
Telemarkskanalen vart hoggen inn i fjellet for godt over 100 år sidan. Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk». 500 mann hadde då arbeid i fem år med å sprenge seg veg gjennom fjellet. Mykje av den fyrste trafikken var knytt til brynesteintransporten frå brota i Eidsborg i vestre ende av kanalen. I dag er Telemarkskanalen ein stor turistattraksjon og dei gamle rutebåtane tek deg attende i tid i eit variert landskap.

MS Henrik Ibsen Foto: J.Kasin
 
DALEN HOTEL
Opninga av Telemarkskanalen la grunnlaget for å byggje det som av mange blir sett på som eit av landets staselegaste hotell. Dalen Hotell frå 1894 er reist i den særnorske varianten av europeisk trearkitektur - dragestilen. Med sine gavlar og svalgangar, dragehovud, tårn og spir minner det om kongsgarden i eventyret. Etter omfattande restaurering i 1994 har hotellet fått tilbake utsjånaden som det hadde på kong Oscars tid, men no med all den service og komfort som vår tid krev. Vinterstengt.
Dalen Hotel Foto:B.I.Ask
 

EIDSBORG STAVKYRKJE
La omvisaren ta deg med på ei reise gjennom 800 år. Høyr om historia bak stavkyrkjene og om korleis kyrkja i Eidsborg har forandra seg frå 1200-talet og frametter i takt med trua og skikkane. Her får du blant anna levande fortalt om helgenfiguren ”Nikuls” (St.Nicolaus) frå Eidsborg.

Tlf.: 35 06 90 90 / Fax: 35 06 90 91 
Opningstider sjå: www.vest-telemark.museum.no
E-post: post@vtm.no

Eidsborg Stavkyrkje Foto:H.Naper

 

GRIMDALSTUNET
Grimdalen var barndomsheimen til bilethoggaren Anne Grimdalen - mest kjend for sitt arbeid med utsmykking av Oslo Rådhus. I dag er Grimdalen eit freda gardstun med hus frå mellomalderen og eit skulpturhus med arbeid av Anne Grimdalen. Kvar sommar blir skulpturutstillinga supplert med bildande kunst av kjende kunstnarar.

Tlf.: 35 07 77 97 / 35 07 56 56
Opningstider sjå: www.grimdalstunet.no
E-post: post@grimdalstunet.no

Grimdalstunet Foto:Luke Tennant
 
VEST-TELEMARK MUSEUM I EIDSBORG
Den gamle garden Vindlaus er bygd ut til eit fascinerande og mangfaldig friluftsmusé. Midt i eit frodig og mektig kulturlandskap ligg museet og syner deg århundrelange tradisjonar i folkekunst og handverk med rikt dekorerte arbeid i sylv, tre og tekstil.
1.juni 2012 opnar eit stort. nytt museumsbygg med spanande utstillingar og kafe.

Tlf.: 35 06 90 90 / Fax: 35 06 90 91 
Opningstider sjå: www.vest-telemark.museum.no
E-post: post@vtm.no
VTM
 
ÅMDALS VERK GRUVER
Gruvemuseet er bygt opp rundt koparverkets historie (1540-1945). Foto, teikningar, gruvereiskap, modellar og geologiutstilling.Stort uteområde med merka stigar og gruvepark. Kafe og suvenirsal.

Tlf.: 35 06 90 90 / 35 07 79 30
Opningstider sjå: www.vest-telemark.museum.no
E-post: post@vtm.no
Åmdals Verk Gruver Foto:L.Jamtveit
 

RUI-PLASSEN
I det hengebratte berget over Dalen ligg Rui, husmannsplassen der dei bittesmå systrene Ingerine og Gurine budde. Dei blei landskjende som "Ruijentene som kom til Kongen". Boka Knut Eidem skreiv om Ruijentene er for sal på turistkontoret. Frå Dalen sentrum er det gangveg til Rui. Den er bratt, men det er ikkje langt. 

Rui Foto:T.Rakke
 
BRYNESTEIN FRÅ EIDSBORG
I 1000 år har Tokke hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein frå Eidsborg eit effektivt kastevåpen, slik sagaen fortel frå slaget ved Fimreite. Seinare blei steinen nytta til fredelegare formål. Brynesteinen blei fyrst rodd ned Telemarkskanalen eller køyrd med hest på isen og deretter skipa til utlandet og seld til god pris. Slik har brynesteinsbrotet i Eidsborg heilt opp til nyare tid forsynt skogbruk og handverk i inn- og utland med god brynestein.
Brynestein i Eidsborg Foto:L.Jamtveit
 

KNIV- OG SYLVSMEDKUNST
Smedkunsten har rike tradisjonar i Tokke. 

  • Hjå generasjonsverksemnda Vinjrui på Dalen har du høve til å besøkje verkstaden.
  • På garden Omdal eit lite stykkje før Ravnejuv finn du bedriftaTelemarkssylv. Her tek Ingrid i mot besøk i verkstaden sin. Ho har og eit lite utsal med tradisjonelle- og eigen designa smykke.
Telemarkssylv
 
HØYR FOLKETONEN 
Tokke ligg sentralt i Vest-Telemark som er eit kjerneområde i norsk folkekunst. Her lever framleis den gamle folketonen – slik folkeminnesamlaren møtte han da Torbjørg Ripilen song Draumkvedet for Moltke Moe sist på 1800-talet. Draumkvedet er Noregs mest kjende middelalderballade, og vert betrakta som ein nasjonalskatt.

Vi er stolte av folketradisjonane våre og ungdomane som bringar dei vidare, og ved fleire høve vert tradisjonsmusikken og folkedansen bruka under arrangement rundt om i distriktet vårt.  
Holdra og eg - Tone Jorunn Tveito
 

TOKKE KRAFTVERK
Reguleringa av Tokke-Vinje-vassdraget, i si tid landets største vasskraftprosjekt, resultert i åtte kraftstasjonar mellom Songa i Vinje og Hogga i Nome i perioden 1958-87. Tre av desse ligg i Tokke: Byrte, Lio og Tokke. Tokke kraftverksgruppe med hovudkontor på Dalen har ansvaret for drifta av kraftstasjonane som har ein samla årsproduksjon på 4,5 TWh.

Vest-Telemark Museum i Eidsborg fins ei utstilling som fortel om anleggstida, om dei tekniske nyvinningane som prosjektet førte med seg, om rallarlivet, om sjølve kraftproduksjonen og om moderniseringa av det tradisjonelle bondesamfunnet i Øvre Telemark som kraftutbygginga resulterte i.
Skuleklasser og ev. andre grupper har høve til å avtale omvising ved kraftanlegget.

Botnedalen
 

SKAFSÅ KRAFTVERK
Den første større vasskraftutbygginga i Vest-Telemark tok til i 1948. Skafsåprosjektet var eit samarbeid mellom Norsk Hydro og kommunane i Vest-Telemark og skulle først og fremst skaffe energi til magnesiumfabrikken på Herøya. Men på same tid innebar denne reguleringa av Arendalsvassdragets øvre del ei elektrifisering av den minst urbaniserte delen av Telemark fylke. Det var nytida som kom til dei mest grisgrendte bygdene i fylket.

Skafså Kraftverk