Skriv ut

Dalen Hotel

 

 Dalen Hotel Foto: Terje Rakke
 Dalen Hotel Foto: Terje Rakke
 Dalen Hote Foto: Terje Rakke
 Dalen Hotel
Dalen Hotel er eit «eventyrhotell» som ligg på Dalen i Tokke kommune i Telemark. Det vart bygd i 1894 i overdådig, romantisk stil med dragehovud, tårn og spir, altanar, utspring og gesimsar. 

Kongar og keisarar trengte overnatting
Turiststraumen til Dalen var stor allereie på
1800-tallet på grunn av Telemarkskanalen , men Dalen mangla eit luksushotell for dei rike og prominente gjestane. Med inspirasjon frå blant anna stavkyrkjer og vikingtida vart hotellet oppført i 1894. Hotellet vart kjend over heile Europa og det engelske aristokratiet kom hit. Kong Oscar II var gjest her, det var også keiser Wilhelm av Tyskland og kong Leopold av Belgia . Hit kom og kong Haakon VII og dronning Maud med dåverande kronprins Olav .

Forfall og restaurering
Under
2. verdskrig tok tyskarane over hotellet, og interiør vart fjerna mens bygningane forfalt. Predikanten Aage Samuelsen hadde tru på framtida for hotellet. Han kjøpte det, men lykkast ikkje med å få reist kapital til restaurering av bygninga. Men han gav hotellet mykje merksemd og PR. På slutten av 1980-talet vart det satt i gang restaurering og i 1992 opna hotellet att.

Hotellet fekk i 2000 verneorganisasjonen Europa Nostras høgaste pris – sølvmedalje – for bevaring av hotellet som eit unikt kulturminne.

Den engelske ladyen
Det spesielle med Dalen Hotel er historia om Miss Greenfield - den engelske ladyen som kom til hotellet seint på 1800-tall. Ho fødde eit barn på rom 17, og reiste seinere attende til England utan å sei i frå til nokon på hotellet. Døra til rommet var barrikadert, og etter at folk på Dalen hadde brote opp døra, fant dei eit dødt barn. Ein veit ikkje om ladyen drap barnet sitt, eller om det var dødfødt, men uansett skulle ho stillast for retten i England. Ho tok sitt eige liv før rettsaka byrja. I dag vandrar "The English Lady" kvilelaust omkring på hotellet.

Moderne komfort med historisk sus og atmosfære
Dalen hotel har i dag 38 rom. Du finn verken radio eller TV. Det vert tent på peisen kvar kveld og du slapper av i chesterfieldstolar, og føler deg som den dronning eller kongen som besøkte Dalen Hotel i fordums tid.

Unn deg ei oppleving av luksus, tid og ro i eit av dei mest særprega hotella i Norge.