Skriv ut

Vinter i Tokke

Her finn du snorapport for Hallbjønnsekken

 

KVIFOR TOKKE?
Vi har ikkje store og flotte alpinanlegg og er ingen typisk vinterdestinasjon, men vi har eit nydeleg skiterreng, spredt hyttebygging på flotte tomter,  vinteridrettsanlegg og eit familievenleg feriesenter - Hallbjønnsekken.
I Høydalsmo har me eit toppidrettsanlegg med hoppanlegg og langrensstadion og Øyfjell har fleire mil med flotte maskinpreparerte løype.
Private aktørar sel hyttetomter i Botnedalen. På veglagets sider finn du og bilet frå dette vakre dalstrøket. www.botnedalen.com 
Me har eit aktivt idrettslag som har flotte vinterarrangement. Les meir på www.amdalil.no

Vinter i Tokke Foto: Tim Kronborg
 

SKAFSÅ OG SKAFSÅHEIA
Klør du etter å gå på ski kan høgfjellsområdet mot Setesdal by på over 50 km preparerte skiløyper og flotte forhold for laussnøkøyring.

Skafsåheia Foto:B.Susaas

 

HALLBJØNNSEKKEN
Hallbjønnsekken ligg fantastisk til i fjellområdet mellom Dalen i Vest-Telemark og Valle i Setesdal som heiter Skafsåheia. Området er kjent for flott natur med mektige fjellparti og destinasjonen har skisenter, turløyper og servicesenter med restaurant, pub og varmestue. Hallbjønnsekken er eit populært hytteområde, men likevel ventar milevis med urørd natur bak næraste åskam. 23 km frå Dalen sentrum.

Foto: T.Kronborg
 

ØYFJELL
Den trivelege grenda mellom Høydalsmo og Rauland satsar på å lokke til seg nye innbyggjarar med prosjektet Øyfjell City. Vinterstid vil du finne meir enn 4 mil preparerte skiløyper i variert skogsterreng frå 650 til 1000 m.o.h. ved Raudsinutane der utsikten er fantastisk. Spreidde hyttefelt er knytta til løypenettet med sine rundløyper. For vitjande er utgangspunktet frå grendehuset i Øyfjell der det også er 2 km ljosløype.

Øyfjell
 
STORE OG SMÅ
Ta med borna og nyt rolege dagar i Tokke. Vi har mange mil med flott løypenett i variert natur og terreng. På Skafsåheia har vi alpinanlegg som høver borna godt.




Leik i snø Foto: Leif Jamtveit
 

HØYDALSMO 
ved E134 er innfallsporten til Tokke. Bygda har eit entusiastisk skimiljø og kan skilte med ein topp moderne langrennsarena og hoppbakken Huka, ein snøsikker 90 metersbakke. Høydalsmo IL var NM-arrangør i 2002 og har seinare stått for både World Cup-renn og andre storarrangement.

Huka Hoppanlegg Foto: Leif Jamtveit
  

REGIONAL OPPKJØRING FOR SNOSKUTER
Tokke kommune er utpeika som vertskommune for opplæring innan bruk av snøskuter (førarkort kl S). Utpeika område ligg i Skafså ved allereie etablert motorkrossbane. Distriktet som skal sokne til Tokke omfattar
Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Buskerud og Vestfold.

Skuter Foto: Gunnar Øverland