Lånereglar
Du kan få lånekort frå 1. klasse, dersom dine føresette synest det er greitt.
Foreldre er ansvarlege for barnas lån fram til fylte 15 år.
VIKTIG: hugs lånekort – du er ansvarleg for det som blir lånt på ditt kort!
Lånetid:
- Bøker/lydbøker: 4 veker
- Tidsskrift/musikk: 2 veker
- DVD-filmar: 1 veke
Du kan fornye lånet, både pr. telefon, via e-post og ved frammøte.
Fjernlån:
Dersom bøker som er viktige for deg ikkje finst på biblioteket, kan vi skaffe desse frå andre bibliotek.
Purring:
Dersom du ikkje leverar det du har lånt innan utgangen av lånetida, får du purrebrev:
- 1. purring kr. 0,-
- 2. purring kr. 25,-
- 3. purring kr. 50,- og krav om erstatning dersom materialet ikkje blir innlevert innan ei veke.
Satsar ved erstatning av tapt/skadd materiale:
Bøker nyare enn 2 år: full pris
Eldre vaksenbøker kr. 150,-
Eldre barnebøker ” 100,-
Eldre lydbøker ” 200,-
Teikneseriar/pocketbøker ” 100,-
DVD/CD ” 100,-
Å LÅNE ER GRATIS, MEN DET KOSTAR Å LEVERE FOR SEINT!
Sist oppdatert 03.11.2008