Flytte til Tokke
Trygt og godt oppvekstmiljø, gode skular og full barnehagedekking er eit heilt
grunnleggjande ynskje og behov. Vi er stolte over at vi kan tilby det. Det er trygt å byrje i fyrste klasse. Vest- Telemark vidaregåande skule er lokalisert i Dalen. Godt skulemiljø og høg kvalitet, noko som gjer at ungdom i Vest Telemark har eit særs godt tilbod.
Ei meiningsfull fritid for liten og stor
Nytt kulturhus, bibliotek og badeavdeling er kommunens nye storstove. Her vil det vere full fart frå morgon til kveld. Kommunen har mange flotte idrettsanlegg. NM arenaen for ski i Høydalsmo/Huka, idrettshall, 3 fotballbanar og motorcrossbane er berre nokre eksempel. Natur og kultur er ein viktig del av vår identitet. Det er opp til kvar enkelt å bruke det me kan by deg anten det er tur-og sykkelstiar, skiløyper eller fiske etter storauren (15 kg!)
Arbeid er sjølvsagt, anten der ein bur eller pendling.
For mange gjeld jobb for to.

Tokke er ein av Telemarks største industrikommunar målt etter folketal. Verksemder innafor energi, elektronikk og automatisert mekanisk industri med høge krav til kompetanse. Internasjonale selskap som ABB, Statkraft og Scana Industrier har verksemder i Dalen.
Ein kjem sjølvsagt ikkje utanom kommunens flaggskip Dalen Hotel. Eventyrhotellet som sto ferdig i 1894.
Tokke kommune kan by på mange flotte tilbod, og saman med dei andre kommunane i regionen Vest Telemark vert tilbodet breitt og allsidig.
Det er nok av plass og byggeklare tomter i heile kommunen.
Kommunen hjelper gjerne med å finne ein høveleg buplass for deg, enten det er tomt i ei grend eller kan hende er du interessert i eit småbruk.
Det er køfritt i Tokke, mange kan gå til arbeid og få brukar meir enn 20 minutt.
Tida kan brukast på familie og vener. Det er plass til alle, anten det er i kulturskulen eller tid i idrettshallen.
Breidband, i dag like viktig som veg og straum. Her er det ein ting som gjeld og det er 100 %.
Det er alltid ei utfordring å flytte til ein ny stad.
Om du ynskjer det så kan du få personleg svar på spørsmål ved å vende deg til:
Næringssjefen: nils.gjerde@tokke.kommune.no / Telefon 35 07 52 41.
Avtal tid for personleg møte.
DERSOM DU SOM NÆRINGSDRIVANDE YNSKJER Å HA LINKE HER TIL EGNE NETTSIDER,
KAN DU SENDE OSS EIN E-POST.
Sist oppdatert 03.12.2007