SISTE NYTT

Bryggjeutstilling 2008

BryggjeutstillingSommaren 2008 får me besøk av 3 biletkunstnarar i bryggjelokala på Dalen. Knut Svebakk-Johansen, Rolf Bjercke og Karin Valset driv i fellesskap Galleri og Atelier Tømmerkoia i Holmestrand. Dei har late seg inspirere av natur og kulturlandskap i Tokke som så mange andre kunstnarar opp gjennom åra.  Nokre av desse bileta vil dei syne oss på Bryggjeutstillinga som opnar dørane 24.mai.  
Her er ein smakebit på bileta deira.

Kanalutstilling

Påmeldingsfrist til utstillinga er 15.mars. Du kan kontakte oss(Anne Midjås og Borghild Stahl) på tlf. 35075200 eller e-post. Me tar i utgangspunktet i mot all type handarbeid på utstillinga. Lokala våre er små så me kan ikkje ta imot store mengder varer. Me prøvar også kvart år å få inn ein del nye ting i utstillinga.

 Innleveringsfristen av varer er sett til 11.april.

I det indre rommer vil kanalutstillinga stå eit år til, og me vil halde fram med framsyning av gamalt filmmateriell frå nærområdet. 

Me ynskjer alle vel møtt som utstillarar og som gjester til årets bryggjeutstilling.