SISTE NYTT

Eidsborgbekken ser dagens ljos

Sommaren 2007 var fuktig. På turistkontoret kunne ein høyre vassmengdene i Eidsborgbekken men me såg ingenting. Mange var dei turistane som stod og speida etter fossen dei gjerne ville både sjå og høyre. Det var og mange av Dalen's innbyggjarar som ymta frampå at det kunne vore snålt å sett litt til fossen.

No har me fått rydda to innsynspunkt. Eit nede ved hovudevegen og eit oppe ved Villaen. Det øvste var ein til dels tøff jobb i den hengebratte lia.  Me håpar folk er nøgde med dette. Rydde langs heile bekken var ikkje til å byrja på. Det skal også haldast vedlike.

Så får me trøste oss med ein fin foss når sommaren er regntung!

Eidsborgbekken Eidsborgbekken Eidsborgbekken