Løypelag
Skafsåheia Løypelag vart stifta våren 2006 med føremål å utvikle skiløyper på Skafsåheia. Det har vori stor interesse for å betre standarden på opp-køyrde løyper i området knytt til Hallbjønnsekken og området kring. Ikkje minst har det vori stor oppsluttning frå hytteeigarar og andre som nyttar området ved innbetaling av løypekontingent i 2007-sesongen på kr. 300,-
Skiløyper som vert køyrd med løypemaskin og kan nyttast både til klassisk stil og skøyting.
Ved inngangen til skisesongen 2007/2008 har Skafsåheia løypelag tilbod om ein 5 km med løypetrase med bredde 4 meter av god standard frå der Fyråi renn ut i Borsæ til Hallbjønnsekken feriesenter. Løypa har fått navnet KAMBEN-løypa (blå markering på løypekartet). Denne traseen har også ein avstikkar til den lange parkeringa før Hallbjønnsekken feriesenter.
Ny trase i 2007/2008 sesongen er ei 5 km løype frå Hallbjønnsekken (sydsida av vegen), ned til renseanlegg for Hallbjønnsekken syd, vidare fram til sydenden av Førsvatn og vidare på vestsida av vatnet til ”lang parkering før Hallbjønnsekken feriesenter (gul markering på løypekartet).
Desse to trasear er tenkt oppkøyrt f.o.m 23/12 2006 til 02/01 2007 samt kvar laurdag og sundag f.o.m veke 2 t.o.m påske 2008, samt kvar dag i vinterferieveker og påskeferie.
Skiløyper som vert køyrd med snøskuter( klassisk trase).
Skasåheia løypelag vil for 2007/2008 sesongen starte kjøring av Glosliløypa (brun trase på løypekartet). Denne traseen på ca 8 km vil ha tilkomsløyper frå Bosætoppen og Svivom/parkering på Fyråi (startpunkt til Fyrålomi). Traseen vil ha tilknytning til svart løype (Kjøpsvassåsen / Førsvatn)
Traseen vil bli kjørt med snøskuter og vil bli kjørt i feriar og helger. F.o.m 23/12.
Også denne sesongen vil Løypelaget være ansvarlig for at ”det gamle løypenettet” vert køyrt opp. Dette vil bli køyrt med snøskuter/sporkall f.o.m 23/12 ut påska 2008.. Løypenettet vert preparert i helgene. Løypene vil også bli forsøkt halde oppe på vekedagar i juleferie, vinterferiveker og påskeferie. Løypene vil ha klassisk trase. Løypene rundt Kjøpsvann og Fagerdalen (svart og raud markering på løypekartet) vil bli kjørt etter kvart som isforholda og værsituasjonen tillet dette. Det vil alltid tas atterhald om at is og snøforhold er forsvarlig for løypekjøring med snøskuter.
Skafsåheia løypelag er ein frivillig organisasjon som er finansiera av Tokke kommune, Hallbjønnsekken feriesenter og frivillig kontingent frå hytte- eigarar og andre interesserte.
For at løypelaget skal halde fram med dei aktivitetar me har i dag og legge til rette for nye skiløyper er ein avhengig av at hytte-eigarar og lokalbefolkninga støtter opp om kontigenten på kr 300. Nye giroar for 2007/2008 sesongen vil bli sendt ut over nyttår.
Er det noko du ynskjer å ta opp med løypelaget, eller har gode idear, så er du velkomen til å kontakte ein av oss direkte på telefon.
Me ynskjer deg god skitur. Hugs at me alle tar med søpla vår attende i sekken og at me syner omsyn der skiløyper og skutertrasear kryssar kvarandre.
Du finn også informasjon om Skafsåheia løypelag på tokke.kommune.no
Helsing Skafsåheia Løypelag
