Skriv ut

Lårdalstigen "Tøffare enn Besseggen"

Den inste delen av Telemarkskanalen er omkransa av bratte og ville fjell. Langs fjellbrynet frå Dalen til Lårdal, er det rydda ein turveg som byd på mange spektakulære og spennande opplevingar. Her kan du helse på segnfigurane ”Risen og Gygri”, som stend i stein frampå kanten av fjellet, eller betrakte Bandaksfjorden djupt under deg gjennom det storslegne ”Møyskrivet”. Gløstøylnuten er høgste toppen på turen med sine 848 m o h. Utsynet over fjorden og fjelli ikring er både vidt, vilt og vakkert.

Rik og varierande flora og fauna
Langs stigen finn du ein rik og varierande flora. Fleire ulike orkideslag veks i området og i solvarme sumardagar angar det av timian og oregano i fjellsidene. Gamal, urørd skog av gran og furu finn du rikeleg av, og er du heldig, får du eit glimt av skogens konge, elgen. Nede i fjellsidene har gaupa rekstene sine over berg og ur, og ørni, som seglar på lette venger høgt over fjorden, har reirplass på dei mest utilgjengelege stadene i fjellet.

Far etter folk i tidlegare tider
I denne storslegne naturen, vil du òg finne far etter folk som har hausta og funne livberging i tidlegare tider. Husmannsplassar har klora seg fast i dei bratte, solvende liane og oppe på fjellkammen, der heiane breier seg innover, har det vore stølar og utslåtter.

Alternative ruter og pratisk informasjon 

  • Lettaste: utgangspunkt frå toppen av Eidsborgberget, ovom Dalen, og gjeng mot Lårdal
    Tips: I siste strekka i Eidsborgberget, ved andre innkjøring til høgre med trafikkspeil, står eit treskilt med Lårdal på. Fylg grusvegen til endes. Ikkje parker framom tunnelinnslag. Transport frå Dalen kostar kr 140,- med taxi (tlf. 909 71 909).
  • Tyngre: Start nedanfrå Dalen
    Start i Lårdal og gå motsett veg
  • Rundtur der du klatrar toppane eine vegen og tek kanalbåten den andre, er ei flott oppleving. Rutetider til båten
    Er dette mogleg begge vegar?

I alle høve er dette ein tur der du brukar heile dagen! Turen krev at du er i rimeleg god fysisk form og at du ikkje er altfor mykje plaga av høgdeskrekk! Utstyrd med stødige fjellsko og ei god niste er dette ein tur du vil hugse med glede.

Lårdalstigen Foto: J.Kasin Lårdalstigen Foto: A.Midjås Lårdalstigen Foto: A.Midjås Lårdalstigen Foto: J.Kasin

Tips:

  • Løypa er merka med raudt og blått. Veg ut til utsynspunkt er merka med gult.
  • Heile turen er om lag 15 km.
  • Dersom du ikkje vil gå heile kan du ta av ved Kapteinsrenna eller Heddedalane og gå inn til Støylsdalen(merka med gult).
    Dersom du treng transport frå Støylsdalen til Lårdal kostar dette kr 150,-(kontakt turistkontoret).
  • Du bør vere i god form – ta med deg godt med vatn og berekne god tid.
  • Hugs at båten kjem inn til Lårdal kun på bestilling med ankomst kl 18:25 på onsdagar og laurdagar.
    Turistkontoret bestiller for deg eller du kan ringe båten direkte på tlf. 95 11 43 95
  • Du går turen på eige ansvar.
  • Kart over området
  • Nettside for Lårdal

Lårdalstigen Foto: J.Kasin Lårdalstigen Foto: J.Kasin Risen og gygri Foto: J.Kasin
Lårdalstigen Foto: A.Midjås Lårdalstigen Foto: J.Kasin Lårdal Foto: T.J.Tveito